Kurs: Trening og førebuing av hest til konkurranse og utstilling

I november inviterer Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid til eit kurs for alle hesteinteresserte. Helsesjekk, opptreningsprogram og hov i balanse er nokre av temaene.

Foto: Tonje E.Reikerås
Skrevet av Norsk Fjordhestsenter,  16.09.2014

Norsk Fjordhestsenter har den glede å invitere til kurs i trening og førebuing av hest til sport og utstilling på hesten sine premissar. Kurset er på Norsk Fjordhestsenter laurdag og søndag 1. og 2. november 2014. På programmet står tema som hestens fysiologi og psykologi, og korleis best førebu seg til konkurranse/utstilling. Kor lang tid ein treng for å nå toppforma og  kva utfordringar ein kan møte undervegs. Foredragshaldarar er tre dyktige fagpersonar med lang erfaring innanfor kvar sitt fagområde, så dykk kan sjå fram til  eit interessant og kompetansehevande kurs.

LAURDAG 1.NOVEMBER:

          09.00 – 09.10

Opning av kurset 

          09.10 – 10.15

Fornuftig opptreningsprogram for hest
med tanke på tid, treningsmengde
og ulike øvelsar ved kiropraktor
Henriette Svendsen

          10.15 – 11-15

Fysiske og psykiske forhold ved hesten
som ein må ta hensyn til ved intensiv
trening. Ved veterinær T.Nes Hjelle.

          11.15 - 12.00

Demonstrasjon av helsesjekk ved
kiropraktor Henriette Svendsen

          12.00 – 13.00

Lunsj

          13.00 – 14.00

Korleis få ein hov i balanse.
Hovslagarmester Odd A. Otterstad

          14.00 – 15.00

Bruk av høghastigheitskamera i
hovslagarfaget. Ved Otterstad.

          15.00 – 15.30

Kaffipause med noko attåt

          15.30 – 17.00

Gjennomgang av ulike unghestar
med tanke på hovstell, muskulatur og eksteriør.

 

 

 

 

 

 

 

 

 








                 SØNDAG 2. NOVEMBER:

          09.00 – 10.00

Kva kjenneteiknar ein sunn brukshest?
Ved veterinær T. Nes Hjelle

          10.00 – 10.15

Pause

          10.15 – 11.15

Korrigering av hovar på føll og unghest
ved hovslagarmester O.A Otterstad.

          11.15 – 12.15

Tannrasp, vaksinering og
innvollsnyltarar ved Nes Hjelle.

          12.15 – 13.15

Lunsj og oppsummering


Foredragshaldarar:


Veterinær Torbjørn Nes Hjelle
Kiropraktor Henriette Svendsen
Hovslagarmester Odd Anders Otterstad

Kursavgift kr. 750,-/dag     (begge dagar kr.1500,-) inklusiv  lunsj  
Betalast inn til kto.nr. 3790 07 14905  innan 15.10.2014  
Påmelding: post@norsk-fjordhestsenter.no  

For nærare informasjon ring 578 64 800 eller 480 38 338 (Asle)
Kurset er ope for alle hesteinteresserte!