Kurs med tema oppdrett av fjordhest

Norsk Fjordhestsenter har gleda av å invitere til kurs i oppdrett og avl av fjordhest. Det blir gjennomgang av det grunnleggande innan temaet, og kurset er ope for alle avlsinteresserte.

Artikkelbilde
Fjordhestføll. Foto: Kari Hustad
Skrevet av Asle Espe

Kurset er på Norsk Fjordhestsenter frå fredag16. oktober - søndag 18. oktober 2015. På programmet står tema som avl, avlsplan, oppdrett i praksis, brunst, drektigheit og utfordringar for fjordhesten. Norsk Fjordhestsenter har ansvaret for fagkurset, medan Eid Fjordhestlag vil arrangere samling av 1-års fjordingar laurdag ettermiddag og ha følskue søndag etter at kurset er slutt. Nærare informasjon om desse Fokus Unghest-aktivitetane kjem etter kvart.

Avlsinteresserte kan sjå fram til ei aktiv og kompetansehevande langhelg på Norsk Fjordhestsenter.

FREDAG 16. OKTOBER

18..00             Opning av kurset ved Norsk Fjordhestsenter

18.10             Avl av fjordhest i eit historisk perspektiv, også sett i forhold til andre rasar.

                      Fjordhesten sine preferansar. Ved Susan Hellum

19.15-20. 00  Rasepresentasjon ved Asle Espe, Norsk Fjordhestsenter

LAURDAG 17. OKTOBER

09.00            Presentasjon av vinnarane av Norges Fjordhestlag sin oppdrettar- og utstillarpris 2014

                     ved Jorunn og Vidar Heggheim. Dei deler erfaringane sine med oss og gjev nyttig informasjon om kva som

                     har vore viktig for dei i avlsarbeidet.

10.00             Samanheng mellom godt eksteriør og gode brukseigenskapar

                       ved Susan Hellum

11.00 – 13.00  Foring av drektig hoppe, føll og unghest

                       ved fagkonsulent frå Felleskjøpet

14.00 – 17.00  Gjennomgang av unghestar med tanke på avlskombinasjon og individet sitt potensial. Testløype.

SØNDAG 18. OKTOBER

09.00              Brunst, drektigheit og foling

                      ved veterinær T. Nes Hjelle

10.00             Statusrapport om fjordhestrasen. Korleis behalde genetisk variasjon med avl på få individ?
 
                     ved Janne Seilen og Jenny Johnsen.

11.30             Berekraftig avl for framtida

                     ved Susan Hellum og Janne Seilen

12.15 – 13.00 Lunsj og oppsummering

NORGES STØRSTE FØLSKUE
Vi oppmodar alle til å få med seg dette arrangementet.
Eid Fjordhestlag kjem med nærare informasjon.

Kursavgift kr. 1400,- inklusiv lunsj betalast inn til konto nr.
3790 07 14905 innan 5.10.2015.
Påmelding til Norsk Fjordhestsenter: post@norsk-fjordhestsenter.no innan 25.09.2015.

For nærare informasjon ring 578 64 800 eller 480 38 338 (Asle)

Kurset er ope for alle hesteinteresserte!