Jubileumsutstilling på Stord

Stor mønstring av kvalitetshest på jubileumsutstillingen på Stord!

Dølahoppa Ramsvik Nelly oppnådde 1. Premie, og vart Best in Show Sundag. Foto: Monica Bringedal
Skrevet av Reinert Skumsnes,  30.06.2016

Helga 25. – 26. juni var det duka til jubileumsutstilling i regi av Ytre Sunnhordland Fjordhestlag og Stord Hestesportlag ved Stord Hestesportsenter. Høve for jubileet var 115 år med organisert fjordhestavl og nytt hestesportsenter.

Laurdag var det unghestsjå etterfylgt av landsfinale for unge fjordhestar, og sundag var det hoppe- og vallakutstilling. Til saman var det meldt over 100 individ til jubileumsutstillinga, og den er slik årets største hesteutstilling. Mange gode individ møtte, og det vart delt ut fleire kvite sløyfer. Bruksprøvane var det også høg kvalitet på.

 I tillegg til sjølve utstillinga var det presisjonskøyringsfinale i Hordalandscupen og jubileumsklasse i sprang. Det var også barneriding, hesteskokasting og diverse andre aktivtetar for born og vaksne.

 Det nye Stord Hestesportsenter utgjorde den perfekt ramma for eit arrangement av denne storleiksordenen, og arrangementskomiteen gjennomførte knirkefritt. Blant utstillarar og publikum vart det snakka om tidenes utstilling.

Resultatliste laurdag 25.juni

Resultatliste sundag 26.juni

 


3-års fjordhoppa Emma Konstanse vart best i sin klasse på unghestsjå, kåra til landets beste i landsfinalen, og nr 2 i Best in Show laurdag.

Ramsvik Lene
3-årshoppa Ramsvik Lene vart best i sin klasse på unghestsjå, og Best in Show laurdag.

Birkelid Oda
3-års fjordhoppa Birkelid Oda vart nr. 2 i landsfinalen for unge fjordhestar laurdag. Sundag oppnådde hoppa 2. Premie, og vart kåra til beste fjordhest på utstillinga.