Optimisme for fjordhesten

1500 menneske fekk med seg årets store hending i fjordhestmiljøet: Hingsteutstillinga på Nordfjordeid. No er det optimisme som rår i Norges Fjordhestlag.

Fjell Finn fekk vist seg godt fram i lag med mønstrar Monica Gjøringbø, og vart spiss i si klasse under Hingsteutstillinga på Nordfjordeid. Foto: Norsk Fjordhestsenter/ Ina Steiro Herstad
Skrevet av Ingvild Rydjord Hansen,  09.05.2016

 Vi merkar ei positiv stemning kring fjordhestavlen, seier leiar i Norges Fjordhestlag, Janne Seilen. Under hingsteutstillinga på Nordfjordeid denne helga vart det kåra åtte nye hingstar.

– Hingsteutstillinga er det viktigaste avlstiltaket for fjordhesten. Her får vi sjå heile årgangen når treåringane møtest for å få si avlsvurdering. Dei beste går vidare i avlen og slik skaper vi ein god fjordhest for framtida, seier ho. I fjor gjekk bedekningstala oppover, og Norges Fjordhestlag har tru på at trenden no er snudd.

Fjordhesten som rase er framleis definert som trua, men det vert jobba godt i fjordhestmiljøet for å auke bruk og få meir fjordhest ut på bruksmarkedet. Fjordhesten er framleis allsidig, og det visar oversikta over kva rasar som har vore mest brukt i konkurranse og sport. I fjor var fjordhesten den tredje mest brukt til dressur og fjerde mest brukt annan sprang på landsbasis. Innanfor køyresporten var fjordhest den mest brukte rasen i landet. Dette viser at fjordingen er ein svært attraktiv sportshest.

Seilen gler seg spesielt over at det er mange nye og unge utstillarar med dette året, og at mange satsar på hingst. Det er eit lite nålauge å komme gjennom, og om dei ikkje lukkast første gongen så håper vi dei vil komme med nye hestar seinare. Uansett resultat er hingstar som har møtt til hingsteutstilling så veltrent at dei er verdifulle emner for bruksmarkedet.

– Hingsteutstillinga er den viktigaste møteplassen for fjordhestfolket. Her møtest unge og gamle, og erfaringsutvekslinga er stor, seier ho. Vi er spesielt glad for alle nye utstillarar, dei er veldig viktige for fjordhestmiljøet.

I år samla utstillinga minst 1500 publikumarar fordelt på fire dagar. I år var det 130 år sidan den fyrste hingsteutstillinga på Nordfjordeid.