Men kva er egentlig forskjellen på resorbert og kasta? Når kan du drektighetsundersøkja? Kor skal du rapportere dette? I skrivande stund manglar det fortsatt ein del innrapportering frå sesongen 2020. Se lista over bedekningar der det ikkje er innrapportert resultat. (Obs! Dølahest er på både side 1 og 2.) Om du finn hoppa di på lista, ber me deg om å rapportere inn resultat. Korleis du skal gjere dette og meir til kan du lese om i denne artikkelen.

Registrere bedekningsresultat på nett

Då løysinga for registrering av føl på nett vart lansert fekk ein samtidig eit verktøy som eignar seg godt til å samle inn gode data på bedekningsresultat. Her kan hoppeeigarane nemleg registrere resultat av bedekning sjølve, i tillegg til å registrere føl. Dette gir oss moglegheita til å få endå betre oversikt over fruktbarheita i dei ulike populasjonane. Det forutset imidlertid at folk kjenner til, og brukar løysinga. Her kjem derfor ei lita innføring i korleis du nyttar løysinga og kva som ligg bak dei ulike alternativa du kan velja som bedekningsresultat.

Kvar finn du løysinga?

Løysinga for registrering finn du på nettsidene til Norsk Hestesenter. Vel "Registrering" i toppmenyen.

Skjermdump1.png

Vel deretter eit av dei to innringa vala. Om du skal registrere føl så vel du «Registrering og hestepass». Det fører deg til ei informasjonside først, før du kjem til sjølve skjemaet. Om du berre skal registrere anna bedekningsresultat vel du «Registrer bedekningsresultat» og du kjem direkte inn i skjemaet.

Skjermdump2.png

Første skjermbilde i skjemaet ser slik ut:

Tredje skjermdump.png

Her må du først velja rase og bedekningsår, deretter fylle ut litt informasjon om hoppa. Du kan søkja direkte på hoppa sitt registreringsnummer eller UELN. Eller du kan søkja på kombinasjon av namn og fødselsår. Om du tastar inn fødselsår først så treng ikkje namnet være fullstendig, men stemme med dei første bokstavane i namnet. Då vil du få opp resultat som samsvarar når du trykker på søk.

Når systemet har søkt opp bedekning som er registrert på di hoppe får du opp følgande bilete:

Fjerde skjermdump.png

OBS! Dobbelsjekk opplysningane om bedekninga, er bedekningsåret korrekt? Er det riktig hingst?

Kva alternativ skal du velja?

«Levende føll»: Føl som er eldre enn 7 dagar. Dette alternativet tar deg vidare til løysing for å starte registrering av følet.

«Tom»: Bruk dette feltet dersom eit av desse alternativa er tilfelle:

  • Hoppa ikkje er drektigheitsundersøkt og ikkje produserar eit føl.
  • Hoppa er drektigheitsundersøkt og vart konstatert tom.

«Resorbert»: Resorbert betyr at embryoet har blitt tilbakedanna. Dette alternativet skal difor berre brukast dersom hoppa er bekrefta drektig ved tidleg drektigheitsundersøking (rundt dag 18) og deretter har negativt resultat ved neste drektighetsundersøking (rundt dag 40).

«Kastet»: Betyr at hoppa har kasta eit foster som er eldre enn 40 dagar. Derfor skal dette resultatet brukast dersom:

  • Hoppa ved drektigheitsundersøking utført 40 dagar eller meir sidan siste bedekning vert konstatert drektig, men likevel ikkje produserar eit føl.
  • Hoppa kastar så seint at det kjem ut eit foster og ein kan konstatere kasting på den måten.

«Dødfødt føl»: Hoppa fekk eit dødfødt føl etter fullgått drektigheit.

«Føllet døde»: Alle resultat der følet dør mellom dag 0 og 7 etter følling.

«Tvillinger døde»: Hoppa går heile drektigheita ut men tvillingane er døde ved følling eller dør mellom dag 0 og 7.

«Kastet tvillinger»: Same betingelsar som ved kasting, men med tvillingfoster.

I tilfelle der éin eller begge tvillingar overlever må du ta direkte kontakt med oss for å få registrert resultat og eventuelt overlevande tvilling.

Litt om bruk av drektigheitsundersøking

Drektigheitsundersøking anbefalast utført mellom dag 14 og dag 21. På den måten får ein eit sikkert svar på om det er behov for eit nytt sprang. Ved bruk av tidleg drektigheitsundersøking kan ein óg oppdage tvillingbefruktning, gjere mottiltak og dermed auke sjansen for å få eit velskapt og friskt føl. Det er og einaste måten ein kan konstatere resorpsjon på, gitt at ein tar ei undersøking til kring dag 40. I framtida vil kanskje rapporteringa også innehalde resultat av drektigheitsundersøking. Fleire organisasjonar har også tatt i  bruk avlstilskot der utbetalinga er betinga i resultat av drektigheitsundersøking.

Kva gjer du dersom hoppa dør/vert avliva etter bedekning?

Var hoppa bekrefta drektig eller resultatet av bedekninga er ukjend? Send melding til oss om at hoppa er død og oppgi dei opplysningane du har.

Var hoppa bekrefta tom? Registrer resultatet «Tom» i løysinga over og meld hoppa død til oss etterpå. 

Dersom hoppa dør i forbindelse med følling er det utfallet for følet som er relevant i denne samanheng. Dermed skal det registrerast enten dødfødt føl, følet døde eller levande født føl i løysinga. Etter det er gjort melder du frå til oss om at hoppa er død.

Du finn også skjema for å melde frå om avliving under fana «Registrering» på våre nettsider.

Kvifor skal du ta deg bryet?

Det gir oss som sagt gode fruktbarheitsdata. Det er viktig å halde oversikt over fruktbarheit i små populasjonar som kan vera særskilt utsett for negative effektar som følgje av innavl.

Dette vart særskilt aktuelt då prosjektet «FeNomen» starta opp hausten 2021 (finansiert av Stiftelsen Hästforskning). Prosjektet ser på fruktbarheit hjå dei nasjonale rasane dølahest, fjordhest og nordlandshest/lyngshest. Registreringane me får inn frå hoppe- og hingste-eigarane i forbindelse med bedekning dannar ein del av grunnlaget for forskarane sitt arbeid.

I tillegg vert registreringane publisert i den årlege rapporten frå Norsk Hestesenter. Og jo meir me veit, dess meir kan me rapportere om.

Kva er konsekvensen av å ikkje rapportere?

Under ser de samla rapportering av dei tre rasane dølahest, fjordhest og nordlandshest lyngshest for sesongen 2020. Figuren til venstre viser førekomsten av alle innrapporterte bedekningsresultat. Til høgre ser ein korleis fordelinga vert når ein inkluderer alle dei ukjende resultata. Og sistnemnde er jo slik ein må presentere statistikken på ein sannferdig måte. Men om rapporteringa aukar så vil statistikken verte sikrare og forhåpentlegvis bli nærare slik figuren til venstre er.

Figur 1: Fordeling av bedekningsresultat når ein høvesvis utelater dei ukjende resultata (til venstre) og når dei er inkludert (til høgre).

Registrering_Bilde5.png

Håpar med dette at me kan inspirere fleire til å ta i bruk løysinga og ser viktigheita av rapportering. Rapporter så tidleg som mogleg! Skjemaet opnar opp for registrering frå årets sesong allereie ved årsskiftet. Løysinga er tilgjengeleg for alle rasar som Norsk Hestesenter fører register for.  

 

Therese Selle, Avlsfagleg rådgjevar nasjonale hesterasar